Opphaveleg var planen at brua skulle opnast 30. april, men utfordringar med levering frå produsenten av rekkverket, gjer at opninga no må utsetjast.

- Det vil bli sett ein ny dato for opning av brua, men det vil me ikkje gjera før rekkverket er kome til Sogndal, seier prosjekt- og byggjeleiar Eirik Rygg i Sogndal kommune, som beklagar at kommunen må utsetja opninga.

Opning av brua vil markera fullføringa av Fjordstien-prosjektet i Sogndal sentrum.

Sogndal kommune har bede innbyggjarane koma med namneforslag til brua, og heile 170 forslag var sende inn då fristen gjekk ut 16. april. Ein jury har vurdert forslaga, og kommunestyret vil 6. mai ta den endelege avgjerda på kva brua skal heita.

- Det er veldig kjekt at så mange av innbyggjarane våre har engasjert seg, og me har fått inn mange gode forslag, seier ordførar Arnstein Menes, som ser fram til å kunne opna brua når rekkverket er på plass.