Veljarar busett i Noreg blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret  30. juni i valåret.

Manntal for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 10. juli - 11. september på desse stadane:

  • Balestrand – innbyggartorget, Holmatunet
  • Fjærland - Joker
  • Leikanger - Tinghuset
  • Kaupanger - Coop Ekstra, avd. Kaupanger
  • Sogndal - Kommunehuset

Klage på manntalet:
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller i brev til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal

Meir om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023