Markeringa fann stad ved minnesteinen frå 1. verdskrig ved Lægreid hotell. Markeringa var felles for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Dei tre kommunane og Forsvaret, ved Heimevernet, var representerte. Liv Signe Navarsete, medlem i utanriks- og forsvarskomiteen, deltok òg.

Det var kransenedlegging, tale og musikalske innslag ved fire trompetarar frå Sogndal storband.

Det er 75 år sidan 2. verdskrig vart avslutta. Under eit normalår ville dette jubileet fått meir merksemd, men det må diverre venta til eit seinare høve grunna situasjonen rundt korona.

Campus Media UB ved Sogndal vidaregåande skule filma markeringa og gjorde intervju med dei som deltok. Filmen kan du sjå i videoruta under:

 

Desse er intervjua i filmen:

  • medlem i utanriks- og forsvarskomiteen Liv Signe Navarsete
  • områdesjef HV Bård Flattun Lilleeng
  • varaordførar Marit Aakre Tennø – Luster
  • ordførar Roy Egil Stadheim – Vik
  • ordførar Arnstein Menes – Sogndal

Program:

  • musikk – Tappenstrek
  • minnetale - ordførar Arnstein Menes (lenkje til tekstversjonen av talen)
  • kransenedlegging – på sløyfa står det «Med anerkjenning og respekt»
  • offiserane gjer honnør
  • musikk – Trumpet voluntary

Her finn du intervjua frå filmen som tekst

Intervju med Liv Signe Navarsete, medlem i utanriks- og forsvarskomiteen:

Har du nokre tankar rundt korleis folk opplevde frigjeringsdagen i 1945?

Eg vaks opp med historier både frå krigsåra, og ikkje minst frå frigjeringsdagen, dagane, vekene og månadane etter. Eg trur det var ei enorm lette og fantastisk glede blant alle, folk stod saman og hadde det fantastisk i lag i tida etterpå.

Trur du felleskapsfølelsen er lik som den under frigjeringa i 1945?

Kanskje ikkje så sterk, men koronakrisa har faktisk, trur eg, gjort noko med oss. Me skal stå frå kvarandre og ha avstand, men står i lag. Me er saman, sjølv om me ikkje fysisk kan vera så nær.

Intervju med områdesjef HV, Bård Flattun Lilleeng:

Eg trur for heile landet var det ei stor lette etter mange år med okkupasjon og innskrenka friheitar å endeleg kunne leva fritt, seia kva ein ville og gjera som ein ville igjen. Det må ha vore ein følelse me vanskeleg kan førestilla oss, me som lever i dag.

Intervju med Marit Aakre Tennø, varaordførar i Luster:

Har du nokre tankar rundt korleis folk opplevde frigjeringsdagen i Sogndal i 1945?

Eg trur at det var ganske god stemning her, og at folk var veldig glade, går eg ut i frå. At dei var glade for at det var over og at dei tenkte at endeleg kom fridomen.

Trur du det var ein følelse av samhald rundt dette?

Det vil eg absolutt tru. Dei hadde dei hatt ein felles fiende. Eg tippar at dei var glade for å kunne sjå kvarandre og snakka om akkurat kva dei ville, utan at noko kunne finna på å setja dei i fengsel eller ta nokon dei var glade i.

Intervju med Roy Egil Stadheim, ordførar i Vik:

Har du nokre tankar rundt korleis folk opplevde frigjeringsdagen i Sogndal i 1945?

Eg vil tru var ei stor glede då frigjeringsdagen kom. Det er klart at dei fem åra ein opplevde under krigen var nok ei forferdeleg tid for alle. Då frigjeringsdagen, kom vil eg tru at det var ei stor glede blant alle innbyggjarane i heile Noreg.

Trur du det var en følelse av samhald?

Det trur eg. Under krigen var samhaldet veldig sterkt. Det ser me no òg på den situasjonen Noreg er i no, det er samhald og dugnad. Var nok slik dei opplevde det under og rett etter krigen.

I år blir det ei utrdisjonell markering og 17. mai-feiringa. Tru du felleskapskjendsla er lik som den under feiringa i 1945?

No var vel krigsåra mykje verre enn det me opplever no, men på mange måtar kan du samanlikna det. Det at folk står i lag og gjer ein felles innsats for folk og land, det er vel nokon me kan samanlikna no.

Intervju med ordførar Arnstein Menes:

Har du nokre tankar om korleis folk opplevde frigjeringsdagen i 1945?

Eg vil trur at var ein spesiell dag. Eg snakka med nokon på Bjelde før i dag, dei sa at dei dreiv og sette potet den dagen, det var tidleg vår. Då kom det ein og sa at no krigen var slutt, og då heiv dei bøttene og sprang ned for å feira her i Fjøra. Eg trur det var ein veldig spesiell dag for alle.

Trur du det var ein følelse av fellesskap rundt det?

Det trur eg absolutt. Ein hadde gått rundt og vore usikre på alt. Det var folk som reiste vekk frå bygda og elles, og folk var usikre på kva som skjedde og ein søkte i hop. Då freden kom, trur eg at dei søkte i lag og fann kvarandre på nytt. Eg trur det var ei ganske sterkt felleskap i dei tider.

I år blir det ei litt utradisjonell markering og 17. mai-feiring. Trur du felleskapsfølelsen er lik som den under frigjeringa i 1945?

Eg trur at det er på ein anna måte i dag. Men den situasjonen me har vore i dei siste vekene, har gjort at me, sjølv om me har vore langt frå kvarandre, har vist at me bryr oss om kvarandre. Me har funne andre måtar å møtast på, me møtest via nettet. Me eg trur folk no lengtar etter å koma i lag att, gje kvarandre ein kveld og sitta i lag og pratar og halda på med ulike aktivitetar. Så eg trur folk ser fram til at det etter kvart skal vera råd å møtast att på vanleg måte.