Barnehagedagen vert arrangert over heile landet. I Sogndal gjekk små og store frå barnehagene i tog før dei samla seg framfor kommunehuset. Her heldt kommunalsjef for oppvekst Kenth-Rune Teigen Måren ei velkomsthelsing.

- Barnehagedagen minner oss på kor viktig det er å ha trygge og gode omgivnadar for borna våre, slik at dei kan veksa og utvikla seg til å bli trygge og sjølvstendige individ, sa han.

Tema for årets markering er «liten og stor» og rettar søkelyset på betydninga av fleire tilsette i barnehagen. Det er Foreldreutvalget for barnehager, Fagforbundet og Utdanningsforbundet som i lag står som arrangør. Også i dei andre delane av kommunen vart barnehagedagen markert.

- Eg stolt over å sjå kor godt dei tilsette i barnehagane våre tar vare på borna. Her får borna moglegheit til å utforska og utvikla seg på ein trygg og stimulerande måte, uansett kor liten eller stor ein er, sa oppvekstsjefen i helsinga si.

Varaordførar Vibeke Johansen deltok også på markeringa i Sogndal. Ho tykte det var stas å gå i tog med glade ungar og gode vaksne. Barnehagane hadde med brev til politikarane i kommunen om behovet for nok vaksne i barnehagen og kva som er status i dag.

- Det tek me på alvor, lovar varaordføraren.