- Gratulerer med dagen! sa ordførar Stig Ove Ølmheim til elevane, som var samla i amfiet ved skulen.

Fagdag om FN

Denne morgonen heiste dei FN-flagget ved skulen, og heile dagen var sett av til ein fagdag om FN (Dei sameinte nasjonane) med aktivitetar både ute og inne for elevar på alle klassetrinn. Skulen hadde invitert ordføraren til å halda ein appell.

- I dag er det FN-dagen, og det betyr at det er FN sin gebursdag.  FN-flagget vaiar på full stang på mange skular verda over. Tenk at FN faktisk er mange år eldre enn skulen dykkar. På denne dagen for 78 år sidan møtte leiarar frå mange land kvarandre for å passa på at det skal vera tryggheit og friheit for alle menneske i heile verda, sa ordføraren.

- Barn kan bidra

Han minna om at FN-dagen er ekstra viktig i urolege tider, og trekte fram at FN i år har ekstra søkjelys på at verda skal bli ein endå betre stad å leva for endå fleire menneske.

- Også barn og unge kan gjera verda til ein betre stad, sa ordføraren, og fortalde elevane at dei mellom anna kan senda brev til ordføraren viss det er noko dei ønsker seg i nærmiljøet sitt.

Elevane hadde mange spørsmåla, og den ferske ordføraren fekk mellom anna spørsmål om det er slitsamt å vera ordførar.

- Eg har berre vore ordførar i to og ei halv veke, men det er i alle fall veldig kjekt! var svaret dei fekk.

Elevane nytta også høvet til å spørja ordføraren om kva dyr han har på garden og om han spelar fotball og handball.

Ordføraren avslutta appellen med å oppmoda elevane om å klappa for seg sjølve sidan dei er så flinke å arrangera FN-dag ved skulen.