Markeringa skjedde ved bautaen, som nyleg er flytta fram av Luster kommune. Den har stått mindre synleg nedanfor Solvorn skule. No står den fint synleg ved kyrkja i Solvorn. Bautaen vart reist i 1914 for å markere 100-årsjubileet for grunnlova og for dei som deltok i krigsteneste i åra 1809-1814.
Ordførarane Stig Ove Ølmheim frå Sogndal og Andreas Wollnick Wiese frå Luster la ned blomar. I talen sin løfta Wiese fram dei som kjempa og ofra livet for landet, og peika på verdien av å stå saman – då som no.
- Her i Norge er det 80 år sidan vi har måtte stå med våpen i hendene og forsvare fedrelandet. Men vi må ikkje gløyme. Difor er det viktig å heidre dei som ofra alt i kampen for å forsvare Norge, minnast alle dei som kjempa for friheita, og aldri ta den for gitt, sa Wiese i sin tale.
Wiese nytta også høvet til å takke norske soldatar som har tent i internasjonale operasjonar.
- Vi skuldar dei og deira familiar den støtta dei treng.
Ukrainarane sin kamp er ei brutal påminning om at vi aldri kan ta friheit og fred for gitt. Kampen for demokrati, menneskerettar og rettferd krev kontinuerleg innsats.
Markeringa minna oss alle på kva det har kosta å oppnå fridomen vi har i dag – og kor viktig det er å verne om den.