- Me er ikkje ein verstingbransje. Traktorar i dag er ekstremt reine i utslepp, utviklinga har kome svært langt. Det er sterkt søkjelys på å få ned utslepp for motorar, seier Audun Moen, dagleg leiar og miljøfytåransvarleg hjå Maskinsenteret Vestland AS.

- Det er nesten komisk når ein ser langt bakover for maskinbransjen, då sleppte dei gjerne spillolje direkte i fjorden, legg han til.

Vil ha ting på stell

Gjennom 2023 har dei jobba for å bli sertifiserte som miljøfyrtårn. På tampen av året kom sertifiseringa på plass, og måndag var ordføraren innom for å dela ut det synlege beviset på at verksemda jobbar konkret med berekraft på fleire område.

Moen forsikrar at plaketten han fekk overlevert frå ordføraren, ikkje skal bli ei sovepute.

- Me er i ein læreprosess. Me føler oss ikkje utlærde, men me vil vera med på utviklinga på dette feltet. Det er viktig for oss å ha ting på stell, og til dømes i anbodsprosessar kan det vera krav om slik sertifisering.

Strukturert arbeid

Moen fekk overrekt både plaketten og blomar frå ordførar Stig Ove Ølmheim, som også las opp grunngjevinga frå sertifisøren for miljøfyrtårnstatusen:

«Maskinsenteret Vestland AS har brukt god tid på gjennomføring av dokumentert og strukturert arbeid innan klima, indre og ytre miljø og arbeidsmiljø fram mot målet sertifisering Miljøfyrtårn. Godt samarbeid mellom leiing, styre og tilsette for å nå felles mål. God og konkret dokumentasjon som er tilpassa bedrifta.»

Kake, lunsj og omvising

Maskinsenteret hadde bestilt kake med miljøfyrtårnlogoen til markeringa. Ordføraren deltok på lunsj saman med dei tilsette og fekk omvising i lokala.

Her fekk han høyra om ei verksemd som i hovudsak rettar seg mot den profesjonelle marknaden.

- Det kviler på nokre tunge merke og at me vil hjelpa folk breitt når det kjem til motor, fortalde Moen, og opplyste at dei har heile sju mekanikarar, inkludert ein lærling, på Kaupanger.

Landbruksmaskinfirmaet har avdelingar på Kaupanger og Førde, med både butikk og verkstad. På Kaupanger er dei 14 tilsette og i Førde 4.

Trivst på Kaupanger

Selskapet vart starta i 1974, som Selseng Maskin, og vart i 1979 eit aksjeselskap. Maskinsenteret flytte i 2020 frå Hagalandet i Sogndal til Kaupanger, der dei mellom anna fekk større verkstadlokale. Moen fortel at dei trivst svært godt på Kaupanger.

- Her er det eit godt miljø og stort engasjement. Næringsforeininga ynskjer å bidra i lokalmiljøet, og har ein heilskapstankegang og eit engasjement utover seg sjølv. Dette har imponert oss, seier han.

Miljøfyrtårn i Sogndal kommune

Miljøfyrtårn er ei nasjonal, frivillig sertifiseringsordning for offentlege og private verksemder som ønskjer å visa at dei tek helse- og miljøansvar. Bedrifta eller verksemda må setta seg miljømål og oppfylla bestemte krav innan helse, miljø og sikkerheit, arbeidsmiljø, energi, avfall, transport og estetikk. Bedrifter og verksemder som går gjennom ei miljøanalyse og deretter oppfyller dei definerte bransjekrava, blir sertifiserte som miljøfyrtårn.

Ei miljøfyrtårnsertifisering skal redusera miljøbelastinga, stimulera til grøn omstilling og auka konkurransekrafta til verksemda.

Verksemdene i Sogndal kommune som er miljøfyrtårn-sertifiserte, kan du sjå på nettsida miljofyrtarn.no (Vel Vestland fylke og Sogndal kommune)

Dette kan du oppnå som Miljøfyrtårn-bedrift