Bli med på ein lærerik kveld der fagpersonar frå ulike kommunale tenester deler erfaringar og kunnskap! Målet med denne fagkvelden er å gje eldre og deira pårørande god informasjon om kva tilbod og ressursar som fins lokalt, kven dei kan kontakte og korleis nytte seg av desse tenestene. På programmet kjem fagpersonar frå ulike kommunale tenester for å dele erfaringar om korleis ein kan gjere kvardagen tryggare og enklare.
Foredragshaldarar som kjem er:
• Sogn brann- og redning og brannførebygging i heimen
• TryggEst - vald mot eldre/risikoutsette vaksne og informasjon om tilbodet
• Frisklivssentralen - KOLS-rehab
• Psykisk helseteam og rask psykisk helse - informasjon om lågterskeltilbodet
• Fysioterapaut - god alderdom
• Ergoterapaut - tilrettelegging i heimen
Det blir enkel matservering frå bygdekvinnelaget, og tid til samtale og spørsmål 
Arrangementet er gratis, og krev ingen påmelding.
Arrangert av tre sjukepleiarstudentar frå HVL i samarbeid med Sogndal kommune - helsetorget. Send SMS til 971 17 949 ved eventuelle spørsmål
