Sogndal kommune skal i vår utarbeida trafikktryggleiksplan for heile kommunen. I samband med det inviterer me barnehage- og skuleleiing, FAU, kommunale råd og utval, næringslivet, grendalag og velforeiningar til arbeidsverkstad. Meir informasjon om arbeidsverkstadane kan du lesa i invitasjonen (PDF). Ny påmeldingsfrist: onsdag 13. april.

Kommunen har ikkje full oversikt over til dømes alle grendalag og velforeiningar. Til dei som ikkje har motteke e-post, men fell inn under ein av kategoriane over, så kan ein melda seg på via påmeldingsskjema.

Me ønskjer brei involvering og mange innspel. Så for andre som ønskjer å komma med innspel er det mogleg å senda forslag til trafikktryggingstiltak via innspelsskjema. Frist for å melda innspel er torsdag 21. april.