Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at me ved utgangen av tredje kvartal hadde heile 12.069 innbyggarar. Dette er ein auke på 133 personar siste kvartal, og dei siste to åra har kommunen vakse med 271 personar.

- Fødselsoverskotet er på 23, og berre i 3. kvartal vart det fødd 46 innbyggarar i kommunen vår, seier ordførar Arnstein Menes, som også gler seg over positive tal for fleire av kommunane i Sogn.

- Luster har og ein flott auke siste kvartal med 24 nye innbyggjarar. I tillegg har både Årdal, Lærdal og Aurland pluss.

Les meir om folketalsutviklinga i Noreg på nettsida til Statistisk sentralbyrå: Fleire fødde bidrog til folkevekst i 3. kvartal (ssb.no)