Det pågår eit stort utbrot av fugleinfluensa i Finnmark, og det er påvist fugleinfluensa på fugl funne i Gloppen kommunen.

Har du funne daude eller sjuke fuglar?

Dersom du observerer sjuke eller daude fuglar, meld frå til kommunen.

Dette gjeld følgjande artar:

  • andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)

Ikkje ta på eller flytt på daude fuglar. Ser du ein fugl som verkar sjuk, bør du halda avstand og ikkje prøva å hjelpa.

Symptom på fugleinfluensa

Fugleinfluensa er ein virusinfeksjon som er smittsam mellom fuglar. Symptom på fugleinfluensa hos villfugl vil variera mellom art, stadiet i sjukdomsforløpet og virusvariant. Dei mest vanlege symptoma er at fuglen er mindre sky, har balanseproblem, har unormal vriding av hovudet og vanskar med å fly. Ein fugl kan vera smitta med fugleinfluensa sjølv om den ikkje viser alle symptoma samtidig.

Les meir om fugleinfluensa på nettsida til Mattilsynet

Slik varslar du kommunen om du har sett sjuke eller daude fuglar

Dagtid:
Innbyggartorget: 57 65 25 00 (8-14 på kvardagar)

Kveldstid:
Torgeir Bang: 90 02 11 20