Politikarane utset stenging av to mellombelse avdelingar ved Kjørnes barnehage. Det vart vedteke i kommunestyremøtet torsdag.

I vedtaket heiter det: "Kommunestyret opprettheld det mellombelse barnehagetilbodet ved Kjørnes barnehage også for barnehageåret 20/21. Dette under føresetnad om dispensasjon for vidare drift utan krav som medfører ekstra investeringskostnader. Meirkostnader/mindreinntekter vert finansiert ved budsjettrevisjon. Budsjett/ØP-arbeidet hausten 20/21 må definere/fastsetje det framtidige barnehagetilbodet i kommunen."

I møtet 30. januar stadfesta formannskapet at dei to mellombelse avdelingane ved barnehagen skulle avviklast frå barnehageåret 2020/2021 og at born og tilsette ville bli overflytte til den nye barnehagen i sentrum, Fosshagen utdanningsbarnehage. Klagen frå foreldrerepresentantane som var komen på stenginga, vart ikkje teken til følgje.

4. februar mottok Sogndal kommune eit innbyggjarinitiativ på vegner av foreldra ved Kjørnes barnehage og Kjørnes vel. Dei hadde samla inn over 300 underskrifter til støtte for to års utsetjing av stenginga av dei to avdelingane, med gradvis avvikling frå sommaren 2021.

Med over 300 underskrifter er kommunestyret plikta å ta stilling til forslaget, og saka kom difor opp i formannskapet og kommunestyret torsdag.