Jobben gjev mange av oss ein stad å høyre til, arbeidskameratar og ein inntekt å leve av.  Ikkje alle kan søkje seg rett ut i ein ordinær jobb. Å trene på ein god arbeidsplass er den beste måten å kvalifisere til arbeid. For mange som har kome flyttande til Noreg og Sogn, er det å vere i arbeid den beste måte å lære norsk på.

Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr Sogn regionråd eit mentorprogram for tilsette som gjev opplæring, oppfølging og støtte til nykomlingane på arbeidsplassen. Første samlinga i mentorprogrammet 2022/23 er 27. oktober.

Meir informasjon

Velkommen som mentor (PDF)

Mentorprogram 2022-23  (PDF)

Interessert?

For meir informasjon kontakt prosjektleiar Jeanette Walsvik , tlf. 900 76 139. 

Påmelding til jeanette.walsvik@ sogndal.kommune.no. Før på namn, bedrift, e-post, telefonnummer og namn på leiar. Deltaking avklarer du med næraste leiar.