22. mars inviterer Framtidsfylket deg som er nysgjerrig på jobb i Vestland til karrieremesse i Bergen.

Her kan du møta arbeidsgjevarar i Vestland som ynskjer å vita meir om deg og fortelja om spennande jobbmoglegheiter. Mellom dei du kan møta, er representantar frå sognekommunane Aurland, Høyanger og Sogndal.

- Me står saman på stand for Sogn regionråd, og representerer hele Sogn, fortel Helle Selseng, leiar for personal og organisasjonsutvikling i Sogndal kommune.

Ho er Sogndal kommune sin representant på karrieremessa i Bergen, og ho gler seg til å møta folk som er nysgjerrige på jobb i Vestland og fortelja dei om moglegheitene i Sogndal og Sogn.

I tillegg til Sogn regionråd, stiller fleire verksemder i Sogn på karrieremessa.

Meir informasjon om karrieremessa i Bergen og kven du kan treffa der, finn du på nettsida til framtidsfylket:  Ta Steget! Karrieremesse 2022 | Framtidsfylket