Møtet starta onsdag morgon. Denne dagen stod mellom anna samfunnsplanen og folkevaldopplæring på programmet. Torsdag heldt politikarane fram mellom anna med økonomi, der det vart både innlegg og gruppearbeid.

Klokka 14.15 starta møtet i kommunestyret med handsaming av saker. På sakslista stod mellom anna framtidig barnehagebehov i Sogndal kommune og 2. tertialrapport 2020. Men før politikarane tok fatt på sakslista, presenterte Jack Eggum og Knut Henning Grepstad eit moglegheitsstudium frå Nokkaneset på Hermansverk.

Sakslista og sakspapira kan du sjå her i møteplanen.

Sogndal kommune sende møtet direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du sjå i opptak i videruta under: