Det er ikkje tilrådd ein ny vaksine til alle, men det er eit tilbod til dei som som av ulike grunnar ynskjer det, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

Må vurdera sjølv

Personar i denne gruppa må sjølve bestemma om dei vil ta ein oppfriskingsdose med koronavaksine. Legane på legekontora i Sogndal kommune vil ikkje kunne gjera individuelle vurderingar for personar i denne gruppa.

Du finn meir informasjon på nettsida til folkehelseinsituttet: Mulighet for flere til å ta ny oppfrisningsdose - FHI

  • Det bør ha gått minimum 4 måneder mellom førre dose og ny oppfriskingsdose.
  • Det bør gå 3-4 måneder frå du er frisk etter koronasjukdom til du får oppfriskingsdose.

Slik får du vaksine

Personar i alder 18-64 år utan kronisk sjukdom som ynskjer oppfriskingsdose, går fram slik:

Sogndal legekontor:

Dropp inn-vaksinering var onsdag 14. desember. Dersom du ikkje hadde anleding til å møta denne dagen, men likevel ynskjer oppfriskingsdose, kan du ta kontakt med legekontoret.

Leikanger legekontor og Balestrand legekontor:

Dersom du ynskjer vaksine, kan du ta kontakt med legekontoret, og så vert du sett på ei liste og får eit tidspunkt for vaksinering.

Desse gruppene er anbefalt å ta ein ny oppfriskningsdose:

  • alle som er 65 år og eldre, også sjukeheimsbuarar
  • 18 år og eldre og tilhøyrer risikogruppene
  • 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • gravide i 2. eller 3. trimester

Dersom du tidlegare ikkje har nytta deg av tilbodet om koronavaksinering, men no ynskjer det, kan du ta kontakt med legekontoret ditt.