Det vart vedteke i kommunestyret i sak 86/21 at det skal utarbeidast ein moglegheitsstudie, med bakgrunn i den dårlege tekniske tilstanden til dagens ungdomsskulebygg. Når moglegheitsstudien er levert og offentleggjort 25.november, vil kommunen ta stilling til om ein skal gå vidare med denne løysinga eller greie ut andre alternativ.

Brukarmedverknad

Skuleleiinga, rektorane på barne- og ungdomsskulen og tillitsvald frå Utdanningsforbundet deltek på alle statusmøte med Norconsult. Tillitsvalde, lærarar, FAU og elevråd vert intervjua i løpet av prosessen. Deira synspunkt vert derette lagt til grunn for arbeidet med moglegheitsstudien.

Innhald i moglegheitsstudien

  • Økonomi og miljøbelastning – investering og drift
  • Pedagogiske målsettingar
  • Fysisk og psykososialt miljø
  • Skulen som nærmiljøfunksjon

Tabell som viser tidsplan for prosjektet. Oppstarts- og karlegginsfase med brukarmedverkand: veke 40-44, Siling med moglegheitsstudiar: veke 40 og veke 42-46, Rapport og prsentasjon: veke 46 og 47).

Referat frå oppstartsmøtet