Med nærmare 10.000 daglege køyretøy gjennom Gravensteinsgata har ei framtidig trafikkløysing for Sogndal sentrum vore tema i fleire rundar tidlegare. Sogndal kommune arbeider no med ny kommuneplan, og i denne samanhengen ynskte ordførar Arnstein Menes at ein måtte sjå på koplinga mellom sentrumsutvikling og ei framtidsretta trafikkløysing.

- Me takkar for rapporten som er framlagd, og so tek me med oss dette i vårt vidare arbeid med ny arealdel. Ei slik vegløysing vil vera positivt for å kunne utvikla Sogndal sentrum vidare. I dag er Gravensteinsgata ein barriere som gjer det vanskeleg for gåande og syklande, samt at det hindrar utviklinga av sentrum, seier ordførar Arnstein Menes.

Ordføraren understrekar at kommunen er oppteken av å få ein god prosess.

- Me vil invitera berørte grunneigarar til eit eige møte i løpet av mars, og dei vil òg få tilsendt rapporten. Dette er i dag ein moglegheitsstudie, og ikkje eit konkret prosjekt. Det er viktig for kommunen å ha ein god prosess med dei som bur i området som kan bli berørte, om korleis dette i framtida vil kunne påverke deira eigedomar. Det same gjeld òg Trudvang skule som vil kunne få påverka sitt uteområde, seier Menes.

Sjå: Moglegheitsstudie - rv. 5 Sogndal sentrum