Moglegheitsstudie for framtidig plassering av ny barneskule er no levert frå leverandøren HRP. Studien er bestilt frå kommunestyret med oppdrag å vise fordeler og ulemper for kvar mogleg plassering.

Kommunedirektøren legg opp til ein prosess der alle som ønsker å gje ein uttale, vil få høve til det.

I arbeidet vil brukargrupper med tilsette, foreldre- og elevrepresentantar vere involverte.

Moglegheitsstudie ny barneskule i Sogndal (PDF)

Arbeidet vidare med handsaming av moglegheitsstudien og vurdering av plassering av ny barneskule vist i ei førebels tidslinje:

Tidslinje som syner prosessen framover etter levering av moglegheitsstudien. Saka skal vurderast av administrasjonen saman  med brukargrupper, det skal vera høyring og ny vurdering. Politikarane skal både bli orienterte og gjera endeleg vedtak.