I fjor var det kjøpmannen Halvor Larsen frå Meny Sogndal, som gjekk av med prisen.

MOT Sogndal, som består av unge MOTivatorar frå både Kaupanger, Kvåle og Leikanger har innhenta forslag på årets kandidatar. Og nærare 20 kandidatar vart vurderte før gjengen satt igjen med dei 5 som no er nominerte. No kan heile Sogndal vera med og stemma fram årets gledesspreiar.

Kriteria er som i fjor basert på MOT sine verdiar - MOT til å seie nei, MOT til å leve og MOT til å bry seg. Ein må vise «passion», vera raus, vise interesse, vere målbevisst, ungdommeleg, moglegheitsfokusert og oppriktig.

Trykk på knappen under for å lesa om årets kandidatar og stemma.

Stem på den du tykkjer fortener prisen