Ved konsultasjon/telefon frå pasient

  1. Helsepersonell prøver først å avklare på telefon.
  2. Ved avklaring på telefon med råd registerast kontakttype «telefon» med takst 1bd på fastlege, evt. vaktlege dersom pas. ikkje har fastlege her. Det skrivast notat med kort anamnese, symptom, symptomdebut og råd som er gitt. Diagnose R27 «Engstelig for sykdom i luftveiene».
  3. Dersom pas. ikkje kan avklarast på telefon skal pas. ha tilbod om videokonsultasjon, alternativt telefonkonsultasjon, helst hjå fastlege, evt. hjå vaktlege.
  4. Dersom pas. ikkje kan avklarast på video eller telefon med lege skal pas. ha time til undersøking.
  5. Vurderingar føregår på akuttrom 2. Pas. ventar ute i bil på parkeringsplassen eller i teltet viss dei kjem utan bil
  6. Pas. blir ringt opp på telefon av hjelpepersonellet når me er klare.
  7. Dersom det er vaksne pasientar er det kun pasienten som skal inn på akuttrommet. Dersom det er behov for følgje er det kun tillatt med ein følgjeperson.
På dagtid prøver me å samle opp dei som må komme til vurdering for luftvegsinfeksjon slik at dei kan komme i tidsrommet 1300-1500. Obs! ta opp heile anamnesen på telefon/video slik at berre undersøkelse og evt. prøvetaking og behandling gjenstår så har me kortast mogleg eksponering for smitte.
 
Pas. setjast opp kvart 20. minutt frå kl. 1300

Vurdering av pasient

1 lege og 1 hjelpepersonell har anvar for vurderingar av pasient.
  • Hjelpepersonell skal alltid vere tilgjengeleg i gangen innanfor akuttrom 2 (rein sone) når det er pasientar på akuttrom 2
    • Ansvar for å ringje inn pasientane når legen er klar
    • Ansvar for å hente og bringe det legen evt. treng av tilleggsutstyr
    • Ansvar for å analysere blodprøvar og andre prøvar
  • Legen skal vere inne på akuttrom 2 (urein sone) med pasienten og gjer alt av undersøkingar og evt. behandling der inne
  • Blodprøveglas og anna som skal ut av akuttrom 2 tørkast av med overflatedesinfeksjon og leverast til medhjelpar eller leggast i reint pussbekken som kan takast ut når legen har tatt av hanskar og sprita hender
  • Legen kan gå ut av akuttrom 2 forutsett at hanskar er tatt av inne på akuttrom 2, kasta i gul boks med gul sekk ved døra mellom akuttrom 2 og gangen, hender er sprita og nye hanskar er tatt på etter at ein er kommen ut på gangen
  • Legen må passe på å ikkje komme i kontakt med flater som t.d. bord, vegger og dører med kroppen
  • Dokumentasjon gjerast på PC på laben med reine hanskar
  • Dersom ein skal undersøkje fleire pas. etter kvarandre beheld ein munnbind, augebeskyttelse og smittefrakk men skiftar hanskar mellom pas.
  • Ved hanskeskift skal håndsprit brukast før ein tek på nye hanskar.
  • Etter siste pasient tek legen med seg gul smitteboks med gul sekk til utgangsdøra og tek av smitteutstyr, pakkar brukt utstyr i gul sekk, knyter sekken og legg gul sekk i svart sekk som bringast til miljøstasjonen via utsida av bygget.

Påkledning i gangen utanfor akuttrom 2 (sluse)

Legen
  1. 1Hugs å ta med nøkkelbrikke
  2. Ta på maske/munnbind maske og augebeskyttelse
  3. Ta på smittefrakk
  4. Ta på hanskar
Medhjelpar
  1. Hugs å ta med nøkkelbrikke
  2. Ta på munnbind og briller
  3. Ta på hanskar

Før ein tek pasient inn

  1. Sjekk at smittebekledninga er rett
  2. Sjekk at alt nødvendig utstyr er på plass på akuttrom 2
    a. BT-apparat
    b. Pulsoksymeter
    c. Termometer
    d. Stetoskop
    e. Otoskop
    f. Utstyr til prøvetaking
    g. Gul boks med gul sekk/svart sekk ved døre mellom akuttrom 2 og gangen
 

Mellom pasient og etter siste pasient

Legen går over med alle flater som har vore i kontakt med pas. med overflatesprit.
Alt avfall kastast i gul sekk
 

Avkledning

Medhjelpar
  1. Ta av hanskar og gi til legen som legg desse i gul sekk på akuttrom 2
  2. Handsprit
  3. Ta av munnbind og gi til legen som legg dette i gul sekk på akuttrom 2
  4. Handsprit
Lege
  1. Ta med gul boks med gul/svart sekk og handsprit til utgangsdøra
  2. Ta av hanskar og legg i gul sekk
  3. Handsprit
  4. Ta av smittefrakk og legg i gul sekk
  5. Handsprit
  6. Ta av briller og legg i gul boks i glaskarmen
  7. Handsprit
  8. Ta av maske/munnbind og legg i gul sekk
  9. Handsprit
  10. Knyt gul sekk og legg i svart sekk
  11. Handsprit
  12. Ta med seg sekken (på utsida av bygget) til miljøstasjon og legg i restavfall
  13. Velkommen inn igjen – like rein og fin som før!