Siste dagen i april skal den nye gangbrua frå Lerum brygge over til Nortura-fabrikken opnast. Opning av brua markerer fullføringa av Fjordstien-prosjektet i Sogndal sentrum. Den nye gangbrua vil gjera det enklare og raskare for gåande og rullande å koma seg fram og tilbake frå sentrum og Stedje.  

Sogndal kommune ønskjer at innbyggjarane, de som skal nytta den nye og flotte brua, skal få bestemma namnet, og utlyser ein namnekonkurranse.  

Me oppmodar alle om å setja kreative krefter i sving og senda inn forslag. Kanskje kan dette vera ein fin aktivitet i påsken? 

Frist for å melda forslag er 16. april. Du gjer det via skjemaet som ligg lenka nedst i saka. Du kan senda inn fleire forslag om du ynskjer det. Ein jury vil vurdera forslaga og senda dei vidare til formannskapet, som vil ta endeleg avgjerd 28. april. Namnet på brua vert annonsert i samband med opninga 30. april. 

Vinnarforslaget vil, i tillegg til heider og ære, bli premiert med eit gåvekort på 1000 kr på Amfi Sogningen Storsenter. 

Sogndal kommune ynskjer alle lykke til, og ser fram til bidrag frå store og små.  

God påske!     

Klikk her for å senda inn ditt bidrag.