Før prøvetaking

2 helsepersonell har ansvar for prøvetaking. 
​Den eine held kontroll på logistikken og den andre tek prøvane.

Påkledning

Den som tek prøven
  1. Hugs å ta med nøkkelbrikke
  2. Ta på munnbind med visir
  3. Ta på smittefrakk
  4. Ta på hanskar
Medhjelpar
  1. Hugs å ta med nøkkelbrikke
  2. Ta på munnbind med visir
  3. Ta på hanskar

Før ein går ut

  1. Sjekk at smittebekledninga er rett
  2. Sjekk at alle nasofarynxprøvar er merka og klare og komne med
  3. Sjekk at det er med tilstrekkeleg antal transporthylser
  4. Set nasofarynxprøvar i eit pussbekken på bordet ute
  5. Set desinfeksjonssprit på bordet ute
  6. Set pussbekken med spritklutar til avtørking av prøveglas på bordet ute
  7. Gul sekk i avfallsbehaldar, denne takast med ut
  8. Ta også med ein svart sekk

Prøvetakinga

  1. Medhjelpar står ved døra og held orden på nasofarynxprøvar
  2. Prøvetakar går fram til bilen og spør etter navn
  3. Prøvetakar går tilbake til medhjelpar og hentar rett prøvekit
  4. Prøvetakar orienterer pasienten om korleis prøven skal takast og tek deretter prøve frå hals og nasofarynx
  5. Prøvetakar orienterer pasienten om at me forventar svar på prøven mellom kl. 15 og 22 neste dag og at me tek kontakt uansett resultat så snart me veit noko.
  6. Prøvetakar tørkar av prøveglaset med spritklut og legg dette i tansporthylse som medhjelpar held klar.
  7. Dersom det er fleire pasientar brukar prøvetakar håndspit på hanskane mellom kvar pasient.

Avkledning

Medhjelpar
  1. Ta av hankar og legg i gul sekk
  2. Håndsprit
  3. Ta av munnbind og legg i gul sekk
  4. Håndsprit
  5. Ta deretter med prøvane inn igjen
Prøvetakar
  1. Ta av hanskar og legg i gul sekk
  2. Håndsprit
  3. Ta av smittefrakk og legg i gul sekk
  4. Håndsprit
  5. Ta av munnbind og legg i gul sekk
  6. Håndsprit

Avfallshåndtering

  1. Prøvetakar knyter igjen gul sekk
  2. Prøvetakar legg gul sekk i svart sekk
  3. Prøvtakar tek med seg sekken (på utsida av bygget) til miljøstasjon og legg i restavfall