20. april var oppstarten for det regionale marknads- og inkluderingsteamet i NAV region Sogn. Det nye teamet skal bidra til å styrke og utvikle tenester, relasjonar og samarbeid med arbeidsgjevarar i alle dei seks kommunane i regionen vår, fortel Sara Christine Johnsborg, leiar NAV region Sogn. 

– Mangelen på kvalifisert arbeidskraft er alvorleg for mange bedrifter i Sogn. Vi ønskjer å få meir kunnskap om behovet hjå bedriftene våre. For mange går glipp av moglegheitene som finst i arbeidsmarknaden. Vi ønskjer å utvikle ei meir profesjonell teneste som bidreg til betre kopling mellom behova i arbeidsmarknaden og ungdom, innvandrar og andre som blir ståande på utsida av arbeidslivet, men som ønskjer seg inn. 

NAV Marknad og inkludering skal syte for oppfølging av alle ordinære arbeidssøkjarar og permitterte i region Sogn. Alle som melder seg til NAV får tett oppfølging i høve CV, jobbprofil, aktivitetsplan og jobbsøk. 

– Med felles rutine og arbeidsmetodikk i heile regionen blir alle som er tilmeldt NAV møtt med positive forventningar til arbeid, og fleire kjem raskt i gang med å søke jobb. I tillegg får vi avklart raskare kven som treng meir bistand for å kome i arbeid, fortel teamkoordinator Jonas Grotle Førde.  

Det er eit mål at det nye teamet skal styrke inkluderingsarbeidet i heile regionen. NAV Marknad og inkludering får mellom anna ansvar for å inngå avtale om «Vi inkluderer!» med fleire bedrifter.

– Saman med rettleiarar i NAV-kontora skal vi finne løysingar for dei som treng mest hjelp for å få innpass i arbeidslivet. Ved å jobbe på denne måten vil vi få god oversikt over behov og ønskje hos både bedrifter og arbeidssøkarar. Slik får vi eit endå betre grunnlag for å starte skreddarsydde opplæringsløp med mellom anna NAV, Vestland fylkeskommune og næringslivet, seier Kine Lindstrøm Bolme i NAV Marknad og inkludering.  

Ta kontakt med NAV Marknad og inkludering om bedrifta di

  • Har behov for rekruttering
  • Ønskjer å legge til rette for inkludering på arbeidsplassen
  • Har spørsmål om tilrettelegging
  • Ønskjer tips til korleis nytte arbeidsplassen.no meir effektivt

Marknadskontaktane i region Sogn er:

Kine Lindstrøm Bolme. E-post: Kine.lindstrom.bolme@nav.no, mob. 955 24 489

Jonas Grotle Førde. E-post: Jonas.Grotle.Forde@nav.no, mob. 955 24 489

Øyvind Barsnes. E-post: Oyvind.Barsnes@nav.no, mob. 955 24 489