Tilbodet går til alle som sit heime aleine. Røde Kors sitt mål er at ingen skal bli sitjande einsame. Einsemd kan vera ei tung utfordring i tider då det ikkje er lov å gå på besøk og ha fysisk nærleik.

Med smittefare og isolasjon har Røde Kors sett på vent sine tradisjonelle omsorgstilbod, som besøkstenesta, bingo, song, turar med meir.

- Me tenkjer på dei som opplever einsemd fordi dei er isolerte og kanskje manglar vanleg kontakt med slekt og vener. Då koplar me opp telefonisk kontakt. Mobiltelefonar overfører garantert ikkje virus, berre gode tankar og omsorg, seier Knut Henning Grepstad, kontaktperson for Røde Kors-laga i Sogndal, Balestrand og Leikanger.

Også dei kommunalt tilsette i omsorgssektoren kan formidla til Røde Kors dersom kommunen møter nokon som treng ein telefonven.

Sjølv kan du ringa eit av desse nummera dersom du ønskjer å få ein telefonven:

Sogndal: 932 02 490, Balestrand: 412 34 039 Leikanger: 905 01 614.

Tiltaket er Røde Kors-laga sitt bidrag inn til den nasjonale dugnaden.

- Me skal ta vare på kvarandre, og me skal ta vare på alle, seier Grepstad i Røde Kors.