Her kan du førehandsrøysta

Du kan førehandsrøysta i kommunen sine innbyggartorg måndag til fredag mellom 9:00 og 15:00.
I tillegg har me langope desse dagane:

  • Balestrand: torsdag 9. september  fram til kl. 18:00
  • Leikanger: torsdag 9. september fram til kl. 18:00
  • Sogndal: torsdag 2., onsdag 8. og torsdag 9. september fram til kl. 18:00 

Det vil også vera mogleg å førehandsrøysta på utdannings-, helse- og omsorgsinstitusjonar. Dette vil bli kunngjort på den enkelte institusjonen.

Røysta heime

Frist for søknad om ambulerande røysting etter vallova § 8-3 sjette ledd vert sett til 8. september 2021 kl.10.00.
For veljarar som på grunn av covid-19 er sett i isolasjon eller karantene, er det høve til å søka om ambulerande røysting fram til kl. 10.00 valdagen 13. september.

Meir informasjon om valet: Sogndal kommune/Val2021