Kommunedirektør Tor-Einar Skinlo tek deg denne gongen med bak kulissane i samtale med Torgeir Bang, tenesteleiar for teknisk avdeling. Torgeir er engasjert i kommunen og har lyst til at den skal vere so bra som muleg. Han har meiningar og er ikkje redd for å seie dei. Lytt til episoden for å lære meir om korleis vi kan tenke nytt på valga vi gjer!

Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?

I podcasten til Sogndal kommune inviterer kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.

Episode 4 er ute no, og det kjem nye episodar kvar veke – so følg med!

Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.

Du finn podcasten på Spotify – søk etter Sogndal kommune.