Vi har hatt gleda av å snakke med Anne Katrin Bøyum. Ho deler si inspirerande historie om korleis sjukdom endra perspektivet hennar på jobb og rolla som pårørande. Anne Katrin snakkar om korleis ho har navigert desse utfordringane og funne nye moglegheiter.
Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?
Sogndal kommune lanserer no ein eigen podcast der kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo inviterer deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.
Tredje episode er ute no, og det kjem nye episodar kvar veke – so følg med!
Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.