Tenestene rask psykisk helsehjelp og psykisk helseteam får no ein felles inngang. Innbyggjarar kan ta kontakt gjennom:
- Eitt felles telefonnummer
- Eit digitalt kartleggingsskjema
Målet er å gjere vegen inn til tenestene meir oversiktleg, slik at innbyggjarar raskare kjem i kontakt med rett hjelp.
Kontakt oss
Frå 1. september kan du ta kontakt med psykisk helse- og rustenesta på følgjande måtar:
- Telefon: 90 71 55 45
- Kartleggingsskjema: Kartlegging - Psykisk helsehjelp (KF-820-4640)
Vi tek kontakt med deg så snart som mogleg etter at du har sendt inn skjema eller ringt oss.