Parkeringshus på Lines, under Idrettssenteret, vil no berre vera til dagsparkering, og årskort er ikkje gyldig her. Vurderingane bak dette er at kundar, spesielt dei som er funksjonshemma, skal koma nærast mogeleg dei verksemdene dei skal besøkja, vert det opplyst i ei melding frå Sognahallen AS.

I p-hus Lines er heller ikkje p-plassane med el-ladepunkta gyldige med årskort.

Parkeringsplassane på nedsida av Sognahallen er framleis berre for korttid. Det betyr at årskort ikkje gjeld.

Sognahallen AS minner om at maks fart i det nye parkeringshuset er 20 km/t, og oppmodar folk om å etterleva det. Det vil kome skilting, merking og demparar når temperaturen tillet det.

Fram til 19. februar vil det vera ein del etterarbeid på det nye anlegg. Uteområdet skal vera ferdigstilt før 17. mai, går det fram av meldinga frå Sognahallen AS.