Her får du ein enkel, men nyttig guide for deg som nett har flytta til Sogndal for å studere.

Praktisk overleving

1. Korleis kjem eg meg rundt?

  • Buss: Last ned Skyss-appen for rutetider og billettar.
  • Parkering: EasyPark fungerer i sentrum. Pass på skilta – parkeringsvaktene her er kjappe.
  • Sykkel: Funkar fint i sentrum, men bakkane opp til campus krev sterke lår. Elsykkel gjer livet enklare.
  • Båt: Frå Dampskipskaien går det ekspressbåt til Bergen.

2. Kva må eg ordne som ny i bygda?

  • Flyttemelding: Skatteetaten.no – gjer det tidleg.
  • Adresse & bank: Oppdater alt etter flyttemeldinga.
  • Fastlege: Byt på helsenorge.no.

3. Kvar kan eg bu?

  • Saman-bustad: Studentvennlege leilegheiter og hyblar, ofte nær campus.
  • Privat: Finn.no, Facebook-gruppa “Bustad i Sogndal” eller via jungeltelegrafen.

4. Kvar handlar eg?

  • Daglegvare: Du finn fleire daglegvarebutikkar både i og rundt sentrum, nær campus og langs hovudvegane inn til bygda.
  • Lokalmat: Det er marknader, gardar og lokale utsal som sel eigne produkt – sjå oversikt på t.d. Hanen.no.
  • Butikkar: På Sogningen Storsenter og i sentrum finn du eit stort utval butikkar med utstyr til kvardagen, klede, sport og interiør.

Sosial overleving

5. Korleis blir eg kjent med folk?

  • Fadderveka: Ein ypperlig sjanse til å møte nye vener.
  • Studentlag: Frå fotball til brettspel – finn din gjeng.
  • Saman-arrangement: Quiz, temafestar, kaffikveldar.
  • Idrett: Sogndal IL og studentidrettslag – Du treng ikkje være proff
  • Facebookgrupper: Følg med i grupper som Kva skjer i Sogndal eller Kva skjer på HVL Sogndal og Alle studenter i Sogndal for arrangement.

6. Kvar kan eg henge?

  • Kaféar: Du finn fleire kaféar både i sentrum, på senteret og på campus – alt frå kaffibarar med utsikt til bakeri med fersk bakst.
  • Restaurantar: Det er eit variert utval av spisestader i sentrum og ved senteret – du finn både pizza, asiatisk, burgar og meir tradisjonelle rettar.
  • Utestader: Studenthuset Meieriet har konsertar, quiz og klubbkveldar. I sentrum finst det òg barar og utestader med mat og drikke.

Kultur og fritid

7. Kva skjer i Sogndal?

  • Kva skjer-kalenderen: Nettside/app med alt frå konsertar til foredrag.
  • Festivalar: Fjellsportfestivalen, Fjørarock og Jotunheimen Rundt, for å nemne nokon.
  • Film: Sogndal Filmklubb – filmar du ikkje finn på Netflix.

8. Kva kulturtilbod finst?

  • Sogndal kulturhus: Arrangerer konsertar, teater, foredrag, festivalar og lokale arrangement gjennom heile året – og så har dei kino. For dei gongane du eigentleg berre vil sitje i mørket og ete popcorn.
  • Biblioteket: Lesesal, boklån, arrangement.
  • De Heibergske Samlingar: Lokalhistorie og friluftsmuseum.
  • Kaupanger Stavkyrkje: Historisk ikon og turistmagnet.
  • Bremuseum & Bokbyen Fjærland: Perfekt for regnvêrsdagar.

9. Kor kan eg vere aktiv?

  • Sognahallen: Klatrevegg, fotballhall og treningsrom.
  • Friluft: Turar til Høgehaug, Hest eller Stedjeåsen for utsikt og frisk luft. Sjekk Stikk UT! for forslag til enkle turar.
  • Sommar: Bading i fjorden eller ved vatn i nærområdet.
  • Vinter: Sogndal skisenter (Hodlekve) og Sogn skisenter (Hafslo) ligg 15 minutt frå sentrum.

Innside-tips frå lokale & veteranar

  1. Vêr: Nyt godvêret når det er her – det hender det regnar òg
  2. Matbudsjett: Storhandel måndag/tirsdag – mindre kø og betre tilbod.
  3. Lesing: Biblioteket har skjulte leseplassar – finn dei før eksamenstida.
  4. Sosial hack: Bli med på fjelltur – isen brytast etter første bakke.
  5. Dialekt: Du vil høyre ord som "ilt" (vondt), "knitti" (kne i fleirtal) og kanskje "inkån" (nokon)? Kan du desse tre orda, kan du seia denne setninga på sognemål "Inkån ha ilt i knitti" (Nokon har vont i knea)."
  6. Transport-triks: Skal du til Bergen? Hurtigbåten frå Dampskipskaien er raskare enn buss.