Ansvarleg søkar

Er den personen eller føretaket som skal koordinera heile byggesaksprosessen. Ansvarleg søkar må t.d. sørga for at søknaden inneheld naudsynte opplysningar, samordna dei ansvarleg prosjekterande, utførande og kontrollerande, og sjå til at alle det er klart kven som har ansvar for dei ulike oppgåvene. Byggherre/tiltakshavar er byggeleiar i prosjekt. Ansvar for å senda inn ferdigattest. 

Søknadar av ein viss kompleksitet krev at du nyttar eit føretak som står som ansvarleg søkar. 

Ansvarsrett

Ved større tiltak i høve til plan- og bygningslova må enkeltpersonar eller føretak ta på seg ein ansvarsrett. Alle som skal ha ansvar i ei byggesak må erklæra dette ansvaret ovanfor kommunen. Erklæringa seier, kort fortalt, at føretaket tek på seg ansvar, og at det vert nytta tilstrekkeleg kompetanse og kvalitetssikringssystem til dei enkelte oppgåvene føretaket erklærer ansvar for.  

Merk: Dei fleste tiltak vert handtert av eit kvalifisert føretak, men enkelte tiltak av lita vanskelegheitsgrad kan tiltakshavar sjølv stå ansvarleg for. Døme på slike enkle tiltak er garasje inntil 70 m2 og tilbygg inntil 50 m2.  

Antikvarisk omsynssone

I område med kulturminne kan større areal bli del av ei omsynssone.  

Aktsomheitskart flom

Dette er eit kommunalt kart som syner område som kan vera utsett for flom og der det td. er nedsenkingar i terrenget som kan samla vatn ved kraftig nedbør.  

Aktsomheitskart grunntilhøve

Dette er eit kart som syner fareområde for skred, kvikkleire og andre tilhøve som er basert på informasjon om grunntilhøva. 

Antikvarisk verdi

Eldre bygningar kan bli klassifiserte som antikvariske og får ein klasse. Dei verna bygga kan ein ikkje gjera noko med utan at riksantikvaren/fylkeskommunen er involvert. Bygningar med verneklasse C kan ein endra innvendig, men ikkje utvendig. Kva som vert tillatt i kvar klasse kan variera frå kommune til kommune. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål knytt til dette.

Byggegrense

Ei regulert byggegrense er innteikna på reguleringsplanen. Øvrige byggegrenser vert fastsett i Plan- og bygningslova, eller veglova (N100). 

Byggelinje

Ei byggelinje oppstår når bygg på nabotomter vert liggjande med fasadelivet (ytterflata av ein bygning sin fasade) i same linje.  

Byggherre

Byggherren er det same som ein tiltakshavar, og hen er bestillar og betalarar. I dei fleste tilfelle er byggherren også eigar av den ferdige bygningen.  

Brannrapport

I prosjekt med høgare brannklasse må det ligga føre ein brannrapport frå eit føretak.  

Dispensasjon

Dispensasjon er eit fritak der ein i enkelttilfelle ikkje føl eit lovbod eller ei anna bindande forskrift, t.d. plan- og bygningslova.  

Erklæring

Ei erklæring er ei personleg stadfesting på at eit tilhøve er riktig. I byggesaker vert desse oftast nytta når det er behov for å få ei stadfesting frå ein nabo om å komma over byggegrensa.

Eigar i ei byggesak

Ein eigar er den eller dei personane som står oppført i grunnboka som eigar av tomta.  

Eigedomsgrense

Ei eigedomsgrense er ei grense mellom to eigedommar. 

Eittrinns søknad

Dette er ein søknad som dekker kva, kven og korleis eit tiltak skal gjerast.  

Ferdigattest

Alle søknadspliktige tiltak skal avsluttast med ferdigattest. Ferdigattesten stadfestar at byggearbeida er ferdige og at dei er utført i tråde med løyve gjeve av bygningsmyndigheitene.  

Frisiktsone

Ei frisiktsone er arealet mellom frisiktlinja og køyrebanekant/asfaltkant. I frisiktsona må ingen punkt på terreng, voll, mur, busker bli liggande høgare en 0,5m over vegnivået. Kvar frisiktlinja går vert definert av gjeldande reguleringsplan og veglova.  

Førehandskonferanse

Ein førehandskonferanse er ein rettleiingstime som kommunen pliktar å gje tiltakshavarar i alle byggesaker. Bestill førehandskonferanse gjennom vårt bookingsystem.

Faresone

Faresone er område der det er fare for skred, flom eller kvikkleire.  

Fyllingsfot og fyllingstopp

Når ein lagar ei fylling får ein eit toppunkt der fyllinga startar, og ein fot der fyllinga byrjar. Desse kallar me fyllingstoppen og fyllingsfoten.  

FG – ferdig golv

FG er eit mål på kor høgt i terrenget det ferdige golvet ligg. Dette vert ofte oppgitt i kotehøgder eller meter over havet (moh.). Kotehøgder er ofte oppgitt ned til millimeter.  

Festar

Ein festar er ein som leiger ei tomt av ein eigar, ei såkalla festa tomt. Dette er sjeldant på tomter med heilårsboligar, men mange hyttetomter er festa.  

Gesimshøgde

Gesimshøgde er avstanden frå bakken til skjæringa mellom ytterveggane si ytre flate og takflata. Gesimshøga vert målt i høve til ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygninga dersom det ikkje står noko anna i reguleringsbestemmingane.  

Gjenbuar

I ei byggesak må naboar varslast, det same må gjenbuarar. Ein gjenbuar er i praksis ein nabo, men som ikkje har felles eigedomsgrense med deg, men ein smal eigedom i mellom. Veg eller fellesareal for gangstiar er typiske areal som gjer at nokon blir gjenbuarar i ei byggesak. 

Heimelshavar

Ein heimelshavar er det same som ein eigar, men med eit litt meir formelt språk. 

Heimel

Heimel er eit ord me nyttar om lovleg tilkomst eller rettsgrunnlag. I byggesakssamanheng vert ordet nytta om rettsgrunnlag. Eit døme: «Naboen har ingen heimel for å krevja at bygninga vert plassert 2 m lenger vest på tomta». 

Hefting

Ei hefting er ei avgrensing i eigaren sin rett til ein eigedom eller gjenstand med ein tilsvarande rett for ein annan (rettshavar). Døme på dette er panterett, forkjøpsrett, bruksrettar (servitutt) og grunnbyrde.

IG

IG er ei forkorting for igangsetjingsløyve som er del to av ein to-trinnssøknad som avklarar kven og korleis tiltaket skal gjerast. 

Kommunedelplanen sin arealdel

Dette er ein rettleiar for korleis areal skal nyttast i ein kommune, kva restriksjonar som gjeld i planområdet gjennom arealføremål, omsynssoner, generelle og formålsknytte planbestemmingar og retningslinjer.  

Kommunedelplanar

Kommuneplan er styrande for all planlegging i dei norske kommunane. Målet med kommuneplan er å skapa langsiktigheit og forutsigbarheit i politikk og arealbruk for kommunen sine innbyggjarar.   

Kotehøgde

Ein kote eller høgdekurve er ei linje på eit kart som markerer høgdenivået i terrenget i høve til ei referansehøgd (normalt havnivået, moh.). 

Kontrollerande

Den personen eller føretaket som føret ein kontroll av prosjektet kallast kontrollerande. 

LNF-område

LNF-område er forkorting for landbruks-, natur- og friluftsområde. 

Mønehøgde

Mønehøgde er høgde til skjæringa mellom to skrå takflater. Mønehøgde vert målt i høve til ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygninga dersom det ikkje står noko anna i reguleringsbestemmingane.  

Merknad

Etter at naboane har fått nabovarselet kan dei gje tilbakemeldingar og desse tilbakemeldingane kallast merknadar. Merknadar må handsamast i byggesøknaden.  

Nabovarsel

I byggesaker skal naboar varslast i rimeleg tid før tiltaket vert sett i gong. Nabovarselet skal sendast ut til naboane to veker før søknaden vert sendt inn. 

Nabo i ei byggesak

Den som eig, festar eller nyttar ein eigedom som har felles grense med din eigedom kallast ein nabo. I byggesakssamanheng er det heimelshavar som vert kalla nabo, og ikkje leigetakarar på eigedommen. Ein leigetakar vil ikkje ha nokon innflyting på di byggesak. 

OK- overkant

OK står for overkant og vert nytta på same måte som FG, men er vanlegvis målt frå litt andre stadar. T.d. OK grunnmur eller OK støttemur. 

Prosjekterande

Prosjekterande er den personen eller føretaket som skal kvalitetssikra og dokumentera at dei byggtekniske reglane er tilfredsstilt i ei byggesak. Den som er ansvarleg prosjekterande skal ha eit overordna ansvar for andre prosjekterande.  

Parsell

Ein parsell er ei tomt som er skilt ut frå ei større tomt. 

PBL

Forkorting for plan- og bygningslova.  

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er eit kart over eit avgrensa område som syner planlagt framtidig utnytting. Til kartet er det ofte knytt eit sett av reguleringsbestemmingar.   

Reguleringsbestemmingar

Til ein reguleringsplan skal det vera utarbeidd reguleringsbestemmingar også kalla vedtekter. Desse bestemmingane gjev meir detaljerte føringar for korleis dei enkelte områda i planen skal utnyttast.  

I område med mykje støy kan det vere behov for å få utarbeidd støyrapport som fortel kva som skjer når planlagt bustad vert plassert på tomta og kva tiltak som må gjerast.  

Rammesøknad

Ein rammesøknad er første del av ein to-trinnssøknad som avklarar kva som skal gjerast.  

Sakshandsamar/byggesakshandsamar

Dette er personen som handsamar byggesaka di og som er din kontaktperson i kommunen under byggesaka.  

Støysone

Støysoner fortel kor mange desibel det er i det aktuelle området. Det er seks ulike støysoner (+ ingen støysone) der kun ingen/kvit støysone og grønn støysone er godkjende for uteareal. 

Strandsone

Strandsona har i Norge eit generelt byggjeforbod i ei 100-meterssone langs kysten. Føremålet er å sikra allemannsretten og av omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. 

Servitutt

Ein servitutt er ein avgrensa bruksrett eller rådigheitsrett over ein annan sin eigedom. Ein typisk servitutt er ein tinglyst vegrett. Ein tinglyst servitutt er ei hefting for ein eigedom og vert alltid registrert på den eigedommen som får ei negativ hefting. 

Støyrapport

I område med mykje stør kan det vera naudsynt å få utarbeidd ein støyrapport som fortel kva som skjer når planlagt bustad vert plassert på tomta og kva tiltak som må gjerast. 

TEK17/Teknisk forskrift

Dette er byggteknisk forskrift som er gjeldande i skrivande stund. 

Du finn meir informasjon om TEK17 på Direktoratet for byggkvalitet sine heimesider.  

Tilgjengeleg bustad

Ein tilgjengeleg bustad er ein bustad som har planløysingar der framkomelegheit er vektlagd. Alle bustadar som har hovudfunksjonane på inngangsplanet utløyser eit krav om tilgjengeleg.  

Tiltakshavar

Dette er den personen eller føretaket som ønskjer å setja i gong tiltaket. Dette er enten eigaren av tomta eller nokon som har fått fullmakt til å vera tiltakshavar på tiltaket. Det er sjeldan det er nokon andre enn eigar som er tiltakshavar.  

Utførande

Utførande er den eller dei som utfører byggje- eller rivearbeida i høve til prosjekteringa. 

Utnyttingsgrad

Grad av utnytting er innan kommunal planlegging og regulering eit mål på kor mykje det er tillat at blir bygd på eit område. 

Universell utforming (UU)

Universell utforming må ikkje forvekslast med tilgjengelegheit. UU handlar om meir enn framkomelegheit og har strenge krav. Alle former for funksjonsnedsetjing skal takast i vare. Alle arbeidsplassar og offentlege bygg skal utformast med universell utforming. 

Veglova

Veglova, eller N100, er lovene som gjeld for veg og gateutforming.  

Vegrett versus parkeringsrett

Ein vegrett gjev deg rett til å køyra over nokon andre si tomt mot at du tek på deg vedlikehaldskostnadar. Ein vegrett gjev ikkje automatisk parkeringsrett. Dette må formulerast i servitutten.  

VA-leidningsnett eller VA-kart

Dette er eit kart som syner vatn- og avløpsrøyr.