Barnehagen opna i august 2020 med både ordførar, kunnskapsminister og rektor ved Høgskulen på Vestlandet til stades. Barnehagen ligg i Sogndal sentrum, midt mellom Fosshaugane campus og sogndalsfjøra, med eplehage som næraste nabo. Bygget i to etasjar inneheld fire småbarnsavdelingar nede og tre storbarnsavdelingar oppe. Småbarnsavdelingane har fått namn etter fine destinasjonar for familieturar i sogndalsområdet; Nuken, Laugi, Fagereggi og Stedjeåsen. Storbansavdelingane har fått namn etter turmål som er litt brattare og høgre; Blåfjell, Togga og Tylderingen.

I tillegg til avdelingane har vi eit stort allrom i barnehagen som vi kallar "Hjarterommet". Dette rommet er i ferd med å ferdigstillast, og skal fungere som eit rom for leik, fysisk aktivitet og større samlingar. Rommet vert utstyrt med eit lite kjøkken og vil vere tilgjengeleg også for dei andre barnehagane i kommunen.

Her kan du sjå årsplanen til Fosshagen utdanningsbarnehage 2020/2021: Årsplan Fosshagen 2020 2021.pdf