Måndag 14. oktober, klokka 19.00-21.00, arrangerer parkeringsgruppa for Sogndal tettstad møte på Qality Hotel Sogndal.

Parkeringsgruppa vart oppnemnd av kommunestyret i møte 13. juni 2024, og har slikt mandat:
«Sjå på den overordna parkeringssituasjonen i tettstaden Sogndal og utarbeida innspeldokument til parkeringsstrategi 2040. Parkeringsgruppa skal gjennomføra minst eit ope folkemøte.»

I møtet vil parkeringsgruppa presentera arbeidet som er gjort i gruppa so langt, og publikum kan komma med innspel til ny parkeringsstrategi.

Gruppa har mellom anna føreslege nye areal for parkering og drøfta sentrumsutvikling. «Det hastar for Fjøra», seier fleire av medlemane i gruppa.