Ny vurdering av dei stengde vegstrekningane vil bli gjort etter at geolog har synfara området måndag.

Det ligg truleg to store skred i Vetlefjorddalen. Det er minst eitt skred i Esebotn, eitt i Sværefjorden, og eitt mellom Dragsvik og Farnes. I tillegg er det eit stort skred i Lånefjorden like før Høyangertunnelen i Høyanger kommune.

Heller ikkje skredet på fv. 5617 i Fjærland opnar i dag. Dette ligg nesten heilt ute ved Distad, nær den kommunale Jordalsvegen.

- Me ber folk om å ta det me ro og ikkje leggja ut på vegane unødvendig slik vêrtilhøva er no. Folk må ta kontakt med naudetatane viss dei har behov for det. Kommunen har god kontakt med Helse Førde og naudetatane for å kunne ta ivare innbyggarane våre, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.

Svært mange stengde vegar - hald deg i ro - SOGNDAL KOMMUNE