- No klarer me ikkje å venta lenger, så torsdag 1. februar klokka 15.30 ynskjer me ungdommane velkomne til ungdomskjellaren, fortel ungdomskoordinator Kari Hellevang, som kan freista med pizza på opningsdagen.

Saman med dei ungdomsarbeidarane, Deniz og Jakub, opnar ho denne dagen dørene for alle frå 13-19, men framover vil ungdomsskuleelevar og elevar på vidaregåande ha kvar sine dagar i ungdomskjellaren.

Mange aktivitetar

- Me gler oss til å utvikla lokala vidare saman med ungdommane! seier Kari, og fortel at sjølv om tilbodet er mellombels i påvente av midlar til ei større ombygging, er det alt no lagt godt til rette for ei lang rekkje aktivitetar.

I ungdomskjellaren er det både bordtennis, biljard, air-hockey, fotballspel, tre gamingsoner med Playstation 5, Playstation 4, Nintendo Switch, partyhøgtalar, prosjektor/lerret, ei rekke brettspel og kort, samt forskjellige soner med sitjegrupper i fleire fargar og fasongar, donert av folk i Sogn.

- Me har også motteke ei gåve på 4000 kroner frå Ida hos Sogndal Fotball, som ynskte å støtte ungdomsarbeidet med overskotet frå flaskeprosjektet sitt. Bidraget vil bli nytta til å fylla skaparhjørnet vårt med materiale for kreativ og kunstnarisk utfalding, fortel Kari.

Tre personar som ser inn i kameraet
Kari, Jakub og Deniz er klare til å ta imot ungdommane i ungdomskjellaren.

Bli med i klubbstyret!

Ungdomsarbeidarane Deniz og Jakub, to kreative og aktive karane med solid erfaring frå arbeid med barn og unge, vil vera med og driva ungdomskjellaren. Men dei skal ikkje gjera det åleine, målet er å engasjera ungdommane sjølve til å vera med og utforma tilbodet.

- Ei hovudmålsetjing for ungdomsavdelinga er å stimulera til at ungdom i større grad deltek i utviklinga av ungdomstilboda i sine lokalmiljø. Prosess og framdrift skil seg frå bygd til bygd, men felles for dei alle er at me ynskjer oss ei gruppe engasjerte ungdommar som kan vera med på å planlegga og gjennomføra ungdomsaktivitetar, anten det er enkeltståande arrangement, eller drift av ein fast møteplass, fortel Kari.

Ungdomsavdelinga har søkt og fått tilskot frå Gjensidestiftinga på 300.000 kroner som skal fordelast på bygdene i kommune og bidra til å gjera det attraktivt å engasjera seg i klubbstyret i bygda si. Pengane skal mellom annan nyttast til ein sosial tur for dei som vil engasjera seg i dette arbeidet.

- Ungdom som ynskjer å vera med og forma haustens fritidstilbod for ungdommane i bygdene i kommune, må melda seg i løpet av februar, fortel Kari.

Ynskjer du å bli med, send e-post til ungdomskoordinator@sogndal.kommune.no