Når ein opnar ein brannstasjon er snora ikkje ei snor, men ein utrangert brannslange. Og saksa naturlegvis ikkje ei vanleg saks, men redningsutstyr av grovt kaliber. Vibeke klarte det fint, og fekk med det praktisere litt av barndomsdraumen som aldri vart, nemleg å bli branndame.

Med representantar frå sivilforsvar, politi, Sogndal kommune, styret og tilsette i Sogn brann og redning IKS - og ikkje minst brannkonstablane i Leikanger, som får den nye stasjonen som base - vart stasjonen opna. Sogn brann og redning markerte også at dei hadde runda 10 år som selskap, og gjennom denne tida hadde kunne jobbe systematisk med å oppfylle forskriftskrav og betre beredskapen lokalt. I sum vart dette såpass at brannsjef Vidar Trettenes fann det på sin plass å skipe til ein minikonsert med bandet Hermannsverk. Låtar som «Eg brann ned huset til bestemor» og «Brent barn» var truleg handplukka for akkurat denne hendinga.

Brannvesenet trengde ikkje flytte langt for å komme inn i nye lokale. Den nye brannstasjonen er i leigde lokale der Sogndal kommune har inngått ein avtale med Arne Hildeskor, og ligg rett over plassen frå den gamle stasjonen på Øyane like bakom Saften. Arne Hildeskor har gjort ein god og rask jobb med oppgradering av lokala, og no kunne brannsjefen seie seg nøgd med fasilitetane, som tilfredstillar krav frå arbeidstilsynet og gjev mannskapa gode arbeidsforhold.

Vi kan sjå ein stasjon med god plass i vognhallen, garderobar med rein og skitten sone, eit lite kontor og eit fellesrom med ein liten kjøkkenkrok der alle kan samlast. Her vil det også komme AV-utstyr som vil kunne nyttast i opplæring og øvingar, noko overbrannmeister Geir Ove Sva er godt nøgd med.

Frå dei som hadde ordet vart det understreka kor viktig brannvesenet er i den lokale beredskapen. Varaordførar Vibeke Johnsen takka særskild mannskapa som har vald å bruke av si tid på å gjere kommunen til ein tryggare stad for innbyggarane. Det er viktig at vi klarer å legge til rette – og at alt er på stell når alarmen går!