På pressekonferansen til regjeringa torsdag vart det informert om at grunnskular og vidaregåande skular skal opna for alle trinn i løpet av veke 20.

I Sogndal kommune har me eit mangfald av skular; nokre små – nokre store, nokre romslege – nokre tronge, nokre med få elevar – andre med mange. Dette betyr at det vert litt ulike løysingar på dei ulike skulane, og litt ulike starttidspunkt.

Her gjev me ei oversikt over korleis dette er planlagt for dei ulike skulane:

Fjordtun oppvekstsenter:

  • Har allereie opna fullt (1.-4.klasse)

Sagatun skule:

  • Opnar 1.-10.klasse måndag 11.05

Leikanger barneskule:

  • Opnar måndag 11.05

Leikanger ungdomsskule:

  • Opnar i løpet av måndag 11.05

Norane oppvekstsenter:

  • Opnar måndag 11.05

Fjærland oppvekstsenter:

  • Opnar måndag 11.05

Kaupanger skule:

  • Gradvis opning måndag 11.05 – onsdag 13.05

Trudvang skule:

  • 5. klasse byrjar onsdag 13.05

Kvåle skule:

  • Gradvis opning måndag 11.05 – onsdag 13.05

Sogndal opplæringssenter:

  • Gradvis opning frå onsdag 13.05

Det kan verta justeringar. Skjer det, vil dei føresette verta informerte direkte frå sin skule. 

Her kan du sjå informasjonsskrivet som er sendt ut til dei føresette

Skulane i Sogndal opna igjen måndag 27.04 for 1.–4. trinn og SFO. Kommunen vidarefører dagens opningstid i barnehage og SFO dei kommande to vekene. Det blir 7 timar opningstid i barnehage og mellom klokka 08.00 og 15.30 i SFO for veke 20 og 21.