Kokevarselet vart sendt ut sist veke etter at det i samband med rutinekontroll av drikkevatnet vart registrert bakteriar av typen intestinale enterokokkar på eit prøvepunkt på det kommunale nettet på Kaupanger.

Kommunen har følgt opp med fleire prøvar, og ikkje gjort funn av bakteriar. Kommunen trekkjer dermed tilbake oppmodinga om å koka vatn meint for matlaging og drikking i dette området.