Pressemelding 2. desember: Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak - regjeringen.no

Sogndal kommune kom 24. november med ei rekkje lokale råd for å hindra spreiing av koronasmitte. Desse gjeld fram til torsdag 2. desember. Etter at regjeringa innførte fleire nasjonale tiltak denne veka, vil Sogndal kommune ikkje vidareføra eigne lokale råd.

- Det er meir smitte generelt i samfunnet, og me har eit utbrot av koronasmitte i kommunen. Det bør innbyggarane ta omsyn til, og arrangørar bør leggja til rette for at folk kan halda avstand, og der det ikkje er mogeleg, bør ein bruka munnbind, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Følgjande vil gjelda for kommunale arrangement:

  • Arrangement for barn og unge skal gå som normalt.
  • For kommunale arrangement vil me stilla krav om bruk av munnbind for vaksne der det ikkje er mogleg å halda avstand.
  • Kommunale arrangement i Balestrand vil bli avlyste ut neste veke, men arrangement for barn og unge kan gå som normalt.

Kommunen held fram med besøkskontroll i helseinstitusjonane.

Informasjon om smittesituasjonen finn du under Informasjon om koronaviruset øvst på nettsida til kommunen.

Alle som er tilrådde å ta koronavaksinen, bør ta han. Vaksinen er gratis. Ta kontakt med legekontoret ditt for å få vaksine. Meir informasjon om koronavaksine finn du her Koronavaksine - helsenorge.no.