Oransje farevarsel: Fare for kraftige regnbyer torsdag 24. juli
(Oppdatert kl. 14.01)
Det er forventa stilleståande nedbør med inntil 30 mm per time der byga vil stå på samme punkt over fleire timar. Det er stor usikkerheit rundt kvar bygene treff - vanleg vêrvarsel til yr kan difor vere unøyaktig. Ut frå sannsynsberekning er det høgt sannsyn for at vêret treff Balestrand og Fjærland.
I tillegg vil det komme nedbør som følgje av lyn. Desse er også uføreseielege kvar dei treff. Per no er stor lynaktivitet i Agder på veg nordover.
NVE meiner det kan vere fare for vannskade, overvatn, oversømmelse og vanskelege køyreforhold.
– Me følgjer situasjonen tett, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.
Sogndal kommune har sidan i går førebudd seg på hendinga.
Me deltek på møter med Statsforvaltaren og har fått orienteringar frå meterologar hjå Meterologisk institutt.
Det er framleis usikkert kvar det eventuelt kan koma styrtregn. Kommunen si kriseleiing overvakar situasjonen tett og har sett i verk ei rekkje tiltak.
Teknisk eining har reinska stikkrenner og gjort førebyggjande arbeid fleire stader i kommunen. Også helse- og omsorgstenestene har førebudd seg for å sikre drifta under krevjande vêrtilhøve.
– Me tek dette på alvor og er godt førebudde, seier ordføraren.
For å førebygge skadar, gjer dette:
- Rens sluk, takrenner og avlaup både rundt huset og i nærområdet, slik at vatnet har ein trygg veg bort og ikkje tek skade i grunnmurar.
- Ver varsam med ferdsel nær vassdrag, bekker og elvar – styrtregn kan snu stille stader til fareområde på få minutt.
- Flytt og sikra eigedom og viktig utstyr frå lågtrykte punkt i hagen, slik som garasjer, kjellarutløp og terrassar, inntil faren er over.
Sjå info på varsom.no for meir informasjon.
______________________________________
Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for styrtregn torsdag ettermiddag og kveld. Det er venta svært kraftige regnbyer, med store lokale variasjonar i både intensitet og mengd. Vêret kan endre seg raskt, og det er usikkert kvar dei kraftigaste byene vil treffe.
Me oppmodar alle om å følgje med på oppdateringar frå varsom.no og yr.no, og vere føre var med tanke på flaum, overvatn og redusert framkome.
Dersom straum eller mobildekning fell bort, og du treng hjelp, kan du møte kommunen på ein av desse tre sjukeheimane:
-
Sogndal bu- og omsorgssenter
Plassen 2, 6856 Sogndal -
Leikanger sjukeheim
Ohnstadhaugen 15
6863 Leikanger -
Balestrand helsetun
Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand
Ta godt vare på deg sjølv og dei rundt deg.
Ved akutte situasjonar – ring naudnummer som vanleg.