Oransje nivå inneber eit vêrfenomen med potensial for alvorlege konsekvensar. Vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbana. Det er viktig å førebu seg og ta nødvendige forholdsreglar.
Oppmoding frå ordføraren:
Stig Ove Ølmheim oppmodar alle innbyggjarane til å sikre lause gjenstandar rundt eigedomane sine, sidan desse kan bli tekne av vinden.
Meir informasjon om farevarselet finn de her:
https://www.varsom.no/vaervarsling/varsel/141734?utm_source=abonner&utm_medium=email&utm_campaign=met&utm_term=Vindkast