Det blir jamleg sendt inn søknader om midlar frå stiftingar, Statsforvaltaren, fylkeskommunen og andre tilskotsordningar. Når ein lukkast med slike søknader, gir det kommunen og samarbeidspartnarane høve til å setje i gang og vidareutvikle tiltak som elles hadde vore vanskelege å realisere. Midlane gir oss mulegheit til å gje innbyggjarane ei god folkehelse, vere i aktivitet, kome seg ut på tur, prøve nye ting og møtast på tvers av alder og bakgrunn. 
 

Tildelingane frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane:

Tiltak i Sogndal kommune

  • Rocket-Man: 220 000 kr til utstyr og aktivitetar for barn og ungdom
  • Utstyrssentralane (BUA): 300 000 kr
    • Gjeld sentralane i Leikanger, Balestrand og Sogndal
    • No blir alle utstyrssentralane BUA sentralar
    • Styrkjer tilgang til gratis utlån av utstyr for innbyggjarane

Tiltak gjennom Sogn friluftsråd

  • Eidet-prosjektet (våningshus – tak): 400 000 kr
  • Ungdom i Natur: 200 000 kr - Friluftsfestival for ungdom.
  • «Tur med meining» - eit prosjekt i samband med marin forsøpling: 200 000 kr. Gå ein tur, plukk søppel – vær med å gjer ein forskjell.

Desse tildelingane betyr mykje for kommunen, frivilligheita og innbyggjarane. Midlane gjer det mogleg å skape meir aktivitet, styrkje fellesskapet og leggje til rette for gode lågterskeltilbod for barn, ungdom og innbyggjarar i alle aldrar. Sogndal kommune rettar ei stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for viktig støtte til tiltak som styrkjer folkehelse, friluftsliv og aktive lokalsamfunn.

Vil du søkje støtte sjølv?

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har fleire ulike tilskotsordningar som både lag, organisasjonar og andre kan søkje på. Nokre av ordningane har faste fristar og kan søkjast på avgrensa gonger i året, medan det òg finst ei ordning der ein kan søkje om støtte på inntil 50 000 kroner gjennom heile året.

Det finst mange moglegheiter for dei som har gode idéar og ønskjer å skape aktivitet eller fellesskap lokalt. Me oppmodar difor lag, organisasjonar og andre engasjerte til å setje seg inn i dei ulike ordningane og vurdere om støtte kan vere aktuelt.

Meir informasjon om søknadsordningane finn du på nettsidene til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane:
https://www.sparebankstiftinga.no/