Kva gjeld vakta for? 

Den overordna tekniske vakta omfattar alle ansvarsområde under Teknisk drift i Sogndal kommune, mellom anna: 

  • Vatn og avløp (VA) 
  • Bygg og eigedom 
  • Veg og park 

Vakta har ei koordinerande rolle, og skal vere eitt kontaktpunkt som tek imot henvendingar og vurderer vidare oppfølging. 

 

Når blir vakta brukt? 

Vakta gjeld: 

  • Førespurnadar for det som gjeld teknisk drift i kommunen 
  • Utanfor normal arbeidstid 
  • For heile Sogndal kommune sitt geografiske område 

Ved ei hending vil vakta vurdere: 

  • Om det er behov for å setje i verk tiltak straks 
  • Eller om saka kan vente til næraste verkedag 

 

Føremålet med ordninga 

Målet med overordna teknisk vakt er å: 

  • Sikre ei tydeleg og enkel kontaktløysing 
  • Gi betre koordinering ved hendingar utanfor arbeidstid 
  • Avlaste tilsette frå direkte henvendingar