Prisen «Årets reinhaldar» vert delt ut til ein person som i løpet av det føregåande året har ytt ein spesiell innsats for reinhaldsfaget, kollegaene sine og kvalitetsutvikling i reinhaldstenestene, og som samtidig er samfunnsengasjert og inkluderande.

I grunngjevinga går det fram at Paulina er engasjert og dyktig i jobben sin, og at ho brenn for faget. Ho bidreg også til å rettleia andre og kjem med tips og idear. Ho er tillitsvald i Fagforbundet, og er svært engasjert i fagforeiningsarbeidet.

Vidare i grunngjevinga står det at ho aldri seier nei, og gjerne bidreg når det er noko ekstra som må gjerast. Ho kommuniserer godt med dei ho jobbar med, og får folk med på laget.

Ho er god til å lysa opp dagen til dei rundt seg, står det i grunngjevinga.

Sogndal kommune gratulerer med ein velfortent tittel som årets reinhaldar Vestland!