Frå 1. januar 2022 kan pensjonistar arbeida ekstra i skule eller barnehagar på særskilt pensjonistløn, og slik unngå å få redusert AFP-en eller alderspensjonen sin.

Ordninga gjeld til 1. juli 2022, og er vedteken for å avhjelpa den pressa bemanningssituasjonen som følgje av koronapandemien. KS har fastsett satsen for slik pensjonistløn til 300 kroner timen.   

Dersom du kan tenkja deg å vera mellombels tilkallingsvikar i barnehage eller skule, ikkje nøl med å ta kontakt med:

Barnehage: Assisterande kommunalsjef Hilde Valvik Menes, e-post: hilde.valvik.menes@sogndal.kommune.no, tlf. 46 82 35 57

Skule: Assisterande kommunalsjef Bjarnhild Samland, e-post: bjarnhild.samland@sogndal.kommune.no, tlf. 97 19 52 63