Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?

Sogndal kommune lanserer no ein eigen podcast der kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo inviterer deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.

Andre episode er ute no, og det kjem nye episodar kvar veke – so følg med!

Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.

Du finn podcasten på Spotify – søk etter Sogndal kommune.