Torsdag fekk formannskapet og kommunestyret ei orientering om søksmålsvarsla i varslingssakene i Sogn barnevern. Politikarane vedtok å realitetsbehandla saka og møtet vart lukka under behandlinga.

Politikarane kom fram til følgjande samrøystes vedtak:

1. Kommunestyret i Sogndal kommune ber om orsaking for dei ulempene som varslarane direkte og indirekte er blitt påførde, og den belastninga som følgjer av ein krevjande prosess, særleg for dei involverte, men også for dei tilsette i Sogndal kommune og lokalsamfunnet. Kommunestyret vil også beklage at saka har drege ut i tid, og dermed påført ytterlegare belastning.
2. Kommunestyret ynskjer å avslutte saka gjennom ei minneleg avtale med varslarane, og tilbyr 3,5 millionar kroner.
3. Kommunestyret ber rådmannen leggje fram eiga sak om finansiering.
4. Kommunestyret er oppteken av at kommunen tek lærdom av saka, som kan hindre at liknande saker oppstår i framtida.

Kommunen har kome med tilbod om oppreising på til saman 2,4 millionar til ni tidlegare tilsette i Sogn barnevern. Differansen mellom tilbodet frå kommunen på 2,4 millionar og det siste kravet frå dei ni er på vel 1,8 millionar kroner.