Sogndal kommune har motteke ei rekke innspel til tiltak for å betra situasjonen for næringslivet i kommunen. Desse innspela vart tysdag presenterte for formannskapet, og dei støtta dei vurderingane administrasjonen har gjort.

I oversikten under vil du finna vurderingane som er gjort so langt. Det vert opna for å kunne utsetja betaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt i den næraste tida. Permanent fritak for utgifter må utgreiast vidare, og avheng mykje av dei sentrale tiltakspakkane regjeringa til ei kvar tid presenterer.

- Me oppmodar alle i næringslivet om å ta kontakt med oss for å diskutera dei utfordringane dei næringsdrivande no opplever, seier Joakim Systaddal, som saman med Sogn Næring har fått ansvar for kontakten frå kommunen si side.

- Me skal prøva å bidra til at bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande kjem seg gjennom dei økonomiske utfordringane, men me har òg ein kommunal økonomi som treng hjelp frå stat og fylkeskommune om me skal kunna bidra vesentleg med økonomiske tiltak. Kommunen skal løna sine tilsette, og me har mellom anna ein helsesektor som treng mykje ressursar for tida. Eg vil likevel understreka at me kjem til å strekka oss langt for å kunne bidra, seier ordførar Arnstein Menes.

Oppsummering etter politisk handsaming av innspel frå næringslivet:

  • Innspel: Utsett betalingsfrist av eigedomsskatt, kommunale avgifter og SIMAS
  • Avgjerd: Utsett betalingsfrist etter grunngjeven søknad til kommunen på kommunale krav. Kommunen har ikkje høve til å fatte vedtak om utsett betalingsfrist for gebyr til SIMAS.
  • Innspel: Fjerne eigedomsskatt på næringseigedom (midlertidig, tilsvarande omfanget av kriseperioden).
  • Avgjerd: Kan ikkje gjevast fritak for eigedomsskatt administrativt for 2020. Det vert jobba vidare med å vurdera kva som er mogelege treffsikre tiltak dersom inntektsfråfallet vert langvarig.
  • Innspel: Kommunale garantiar for næringslån/kommunale næringslån
  • Avgjerd: Ikkje heimel for å gje lånegaranti frå kommunen. Det vert jobba vidare med å avklara mogelegheita for bruk av kommunale kraftfond til næringslån i samband med krisa.
  • Innspel: Fritak frå husleige i kommunalt eigde næringslokale
  • Avgjerd: Det vert ikkje gjeve fritak frå husleige til næringsverksemder no. Situasjonen vert følgt tett, og saka vert å koma attende til dersom føresetnadane vert endra.
  • Innspel: Utsetjing av skattebetaling
  • Avgjerd: Handtert sentralt (utsette betalingsfristar for forskotsskatt).
  • Innspel: Fritak for parkeringsavgift i Sogndal sentrum
  • Avgjerd: Det vert ikkje gjeve fritak for parkeringsavgift i Sogndal sentrum.