Mange taklar dette fint, samtidig kjenner mange på frustrasjon, håpløyse og negative tankar. Nokre er einsame og såg fram til den eine aktiviteten som gav sosial kontakt. Andre har kanskje av ulike grunnar hatt ei strevsam jul og har behov for kontakt med vener, kollegaer, lærarar, trenarar eller andre ressurspersonar for å føle seg sett og få påfyll. Nokon er også redde for jobben sin og konsekvensane det vil få.

Korleis kan du ta vare på deg sjølv i denne tida? Råda som har kome tidlegare, gjeld framleis:

  • Oppretthald normal døgnrytme; søvn, mat, aktivitet, andre rutinar.
  • Ver fysisk aktiv og kom deg ut dagleg om du kan.
  • Hald kontakten med andre digitalt.
  • For deg som bur åleine: Ta initiativ til å treffe ein eller to vener.
  • Ver raus med deg sjølv og andre.

Utfordringa er at dei som strevar framleis er ganske usynlege. Det er få som snakkar høgt om det. Ofte trur vi at dei rundt oss har det ok. At dei har vener dei kan vere saman med. At dei taklar situasjonen greitt. Så den sterke oppmodinga til deg er: spør om venene dine/familien din har det bra. Oppretthald avtalar du har gjort, men gjer dei på andre måtar enn å besøke. Spør nokon som bur aleine eller har få vener om du kan vere ein ven i denne tida.

Dersom du er av dei som ikkje har det bra: Sei det høgt til nokon – ein ven, ein kollega, ein lærar, ein annan person du stolar på. Fortel korleis du har det og kva du treng!

Lokale tenester du kan ta kontakt med:

- Helsestasjon og jordmortenesta i Sogndal (dagtid), tlf: 57652770, eller du kan kontakte helsesjukepleiarane og jordmødrene på deira jobbtelefonar. Helsesjukepleiarane på skulane er tilgjengelege som normalt, sjå kontaktinfo på skulen sine heimesider.

 - Psykisk helseteneste for vaksne (dagtid):

  • Else Aasen: tlf. 92 03 82 50
  • Oddrun Tveit: tlf. 91 84 72 79

- Fastlegen din (dagtid):

  • Balestrand legekontor: tlf 576 51 300
  • Leikanger legesenter: tlf 576 52 720
  • Sogndal legesenter, tlf. 576 29 700

- Legevakt (kveld og natt): 116 117, ved akutt fare ring nødnummeret 113.

- Sogn barnevern:

  • vakttelefon dagtid: tlf. 97 50 60 95
  • vakttelefon utanom kontortid (kveld/natt/helg/høgtid): tlf. 400 22 988
  • alarmtelefonen for barn og unge: tlf. 116 111 (open heile døgnet)

Nasjonale hjelpetelefonar:

- Alarmtelefonen for born og unge er døgnopen og har moglegheit for chat og epost i tillegg til telefon: tlf. 116 111, sms: tlf. 41 71 61 11, https://www.116111.no/
- Mental helse har fleire døgnopne linjer https://mentalhelse.no/fa-hjelp
- Oversikt over ei rekke tilgjengelege telefon- og chattetenester: https://psykiskhelse.no/hjelpetelefoner-og-nettsteder